Rosa Sløyfe-løpet Førde

Rosa Sløyfe-løp for første gang i Førde!!  Årets viktigaste trimtur arrangerast i samarbeid med Puls Førde:) Bli med for å støtte ei god sak. Start og mål på Førdehuset! Løypa er 3 km flat på asfalt, så den passer for alle om ein vil gå, jogge eller springe 🙂 

Program for Rosa Sløyfe – løpet 6.oktober:

Kl 17.30 Utdeling av startnummer og medalje (gjeld dei som var påmeldt før 15.09). Dei som er påmeldt seinare, har fått/får det tilsendt i posten.

Kl 17.45 Førde musikklag spelar

Kl 18.00 Velkomen v/Gunvor Solvik

Kl 18.05 Felles oppvarming v/Cecilie Erlandsen frå Puls Førde

Kl 18.20 Vi klipper den rosa snora og løpet er i gang

Kl 19 eller litt over:

Vi har fått nokre sponsa gåver til løpet. Når vi ser at dei fleste er komt tilbake, vil vi dele ut desse gåvene. Desse vert trekt blant deltakarane i løpet

Ca 19.15 og utover: Vi håpar flest mogeleg blir med til Kardemomme Kaffibar for å avslutte kvelden der!

Førde musikklag vil også spele undervegs i løypa – ved Førde omsorgssenter.

Dato

2022 06 okt
Utløpt!

Tid

18:00 - 18:00

Pris

300.00 NOK

Sted

Førde
Hafstadvegen 42

Arrangør

Gunvor Solvik
Telefon
99728029
E-post
gunvorbjordal@hotmail.com

Arrangementsdeltakere

QR-kode